Pilotprosjekt for betre byråkratspråk
(30.01.08) Språket i offentlege brev og skjema skal verte forståeleg og riktig. Det er målet for eit pilotprosjekt der språktenesta for statsorgan og Fornyings- og administrasjonsdepartementet samarbeider.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Hanne Eckhoff og Margrethe Kvarenes i Språkrådets språkteneste for statsorgan (bilete) har leidd arbeidet med å rette opp uforståeleg og dårleg språk i 23 skjema og standardbrev frå offentlege etatar. Departementet vurderer å gå vidare med ein større språkgjennomgang av tekster som folk flest skal lese og forstå.
– For innbyggjaren skal det vere enkelt og greitt å hanskast med offentleg sektor. Eit demokrati kan ikkje fungere om ikkje folk forstår kva det offentlege skriv, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys i ei pressemelding.
Direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet roser departementet for å ta opp kampen mot tungt språk.
– Ein skal ikkje måtte vere jurist eller statsvitar for å handtere eit vanleg offentleg skjema, seier Lomheim.